Velkomen til Vindafjordhallen symjehall

Vindafjordhallen symjehall opnar 11. august

Tysdag 11.august kl.11.00 opnar me ein skinnande rein Vindafjordhallen symjehall. Symjehallen opnar att med nye opningstider og fleire opningstimar i veka. 

Innan opningsdagen har ein stabilisert temperatur på land og i vatn - og oppnådd stabile verdiar på bassengvatnet slik at ein kan tilby super vasskvalitet.

I stengingsperioden har ein tappa ned bassenget og gjort einhald og vedlikehald.

Når Vindafjordhallen symjehall opnar att får hallen nye opningstider. Dei finn du her.

Det betyr mellom anna meir morgonbading, utvida opningstid tysdag og torsdag, og eit nytt tilbod om vaksenbading i helga.

Endringar når det gjeld sklia

Sklia er nå godkjent for at barn over 110 cm kan køyre åleine. 

Barn mellom 90 - 110 cm skal køyre saman med ein vaksen. 

Barn under 90 cm skal ikkje bruke sklia. 

To tilsette som står på stupetårnet

Velkomen til Vindafjordhallen – ein ny og flott møteplass for rørsleglede, meistring og gode opplevingar i vatn.

Her finn du eit moderne treningsbasseng på 25 meter med djupne på 3,6 meter, stupetårn på 1 og 3 meter og ei kjekk vassklie for store og små.

I tillegg har me eit terapibasseng med justerbar djupne, opptil 160 cm, som gjer hallen godt tilrettelagd for ulike behov og aktivitetar.

Etter bading kan du slappe av i badstova, og me har familiegarderobe med tilrettelegging samt toalett tilrettelagt for personar med funksjonsnedsetting i garderobane.

Vindafjordhallen er ein stad for alle! 

Foto: Kristine Thorsen Eikeland

Me har avgrensa kapasitet på kor mange som kan besøke symjehallen, og ønskjer difor at du bestiller plass på førehand.

Vel tal på billettar, dag og tidspunkt som passar for deg.

Når du har valt tal på billettar, klikk på «Gå til betaling» for å fullføra kjøpet.

Billettar med QR-kode vert sende på e-post med ein gong.

Har du spørsmål eller ei tilbakemelding?

Då kan du ta kontakt her:

vindafjordhallen.symjehall@vindafjord.kommune.no

Telefon 47 79 54 55

Foto: Kristine Thorsen Eikeland

Sommarstengt i Vindafjordhallen symjehall: Nye opningstider 

Vindafjordhallen symjehall er sommarstengd etter siste opningsdag 18. juni.

VIKTIG MELDING: 

SOMMARENS REINHALD OG VEDLIKEHALD AV SYMJEHALLEN TEK LENGRE TID ENN BEREKNA. ME OPNAR SÅ SNART ALT ER PÅ PLASS.

Onsdag 18. juni er siste opningsdag før sommarsteng. I stengingsperioden tappar ein ned bassenget og gjer klart for reinhald og vedlikehald.

Når Vindafjordhallen symjehall opnar att torsdag 23. juli, får hallen nye opningstider. 

Det betyr mellom anna meir morgonbading, utvida opningstid tysdag og torsdag, og eit nytt tilbod om vaksenbading i helga.

To tilsette som står på stupetårnet - Klikk for stort bilete

Opningstider 

VIKTIG MELDING: 

SOMMARENS REINHALD OG VEDLIKEHALD AV SYMJEHALLEN TEK LENGRE TID ENN BEREKNA. ME OPNAR SÅ SNART ALT ER PÅ PLASS.

Måndag og onsdag

06.30–10.00: Morgonbading

Sklia er stengd.

Tysdag og torsdag

11.00–14.00: Opent for alle

12.00: Aquagym

16.30–19.00: Familiebading, opent for alle, med to symjebanar reserverte for symjing

19.00–20.30: Vaksenbading

Laurdag og sundag

10.30–15.00: Familiebading, opent for alle, med to symjebanar reserverte for symjing

15.00–16.00: Vaksenbading
God sommar, og velkomen tilbake 23. juli.

Foto: Kristine Thorsen Eikeland