Reglar i symjehallen
Hygiene
-
All bading skjer på eige ansvar. Foreldre/føresette skal passe på barna sine.
-
Varsle badevakta dersom det er behov for assistanse ved personskade, ulykker eller brann.
-
Alle må vaske heile kroppen og håret utan badetøy før ein går i badstu eller basseng. Bruk såpe.
Badstu
-
Dusj før og etter bruk av badstu (dusj finst ved badstua).
-
Skal du ikkje bade, må du vaske føtene med såpe før du går inn i bassengområdet.
-
Personleg hygiene som barbering og negleklipping skal ikkje skje i garderobeområdet.
Helse og påkledning
-
Personar med smittsame sjukdommar, opne sår, plaster eller bandasje har ikkje tilgang til symjehallen.
-
Bruk badetøy! Undertøy er ikkje lov i bassenget.
-
Langt hår skal vere i strikk eller under badehette.
Bassengområdet
-
Stuping er berre tillate på den djupe delen av bassenget.
-
Kun éin person om gongen i sklia.
-
Aldersgrensa for å bruka sklia er 7 år.
-
Springing, dytting, slåssing eller å dra andre under vatn er ikkje lov.
-
Du må vere 12 år og kunne symje for å vere aleine i bassenget.
Barn og følgje
-
Barn under 12 år må ha med ein vaksen, symjedyktig person over 18 år. Denne personen kan maks ha med 3 barn under 12 år.
-
Barn under skulealder kan følgje ein vaksen inn i garderoben av motsett kjønn.
-
Små barn og dei som brukar bleier må ha på tett badebleie.
